lørdag 21. juli 2012

Meir bake og smakeskole

 Eg er gammeltante til desse to fine jentene frå Lalm.  Dei skulle vera hjå meg på ferie.  Planen var å gå tur.  Men med nysnø heilt ni Lendfjellet, nesten til Sauhytta fann vi ut at vi skulle bake i staden.
 Her blir det 10 forskjellige pizza  -  forskjellig fyll, altså...
 God kvelsmat!
 Frukostmiksing.... fyrst vart det smooties og deretter 
pølse, makaroni og eggepanne.
 Vi rakk å røre jordbærsyltetøy i går,  og med ferskt, sjølbaka brød og grøn smoothie 
vart det ein god start på dagen.
Verså god  -  pølsemakaronieggepanne er servert!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar