søndag 12. mai 2013

Ei tid er forbi

 Vedmod fylt turen vestover sist fredag. 

 Ærend for turen var å fyljge tante Mari til den siste kvilestaden. Ei tid er forbi. 
Dei gode minna som er knytt til tante Mari og flokken rundt ho vil alltid vera der. Å reise vestover for å besøke skyldfolk var sommarferien. 
Og det var alltid sommar. Det regna sikkert ein og annan gongen.  Det er sola eg hugsar.  Ljoset, lydar og luktar var annleis enn i fjellbygda Lom. 
Tante Mari hadde også raud Flammentanz-rose oppetter veggen på det gule huset.  Roser og gule hus var også eksotisk. Fjorden med flo og fjøre likeeins. 
Det er desse gode minne som gjer at eg alltid tenker vestover er ferie. 
 Romsdalen, på veg heim att.  Men eg kjem nok att. Vegen vestover må haldast vedlike. Nå blir det oss syskjenbarna som må halde tak i slektsbanda. 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar