tirsdag 2. juli 2013

Vårtur til Yste Reset

Nok ein gong blomstar lapprosa på Yste Reset.
Denne gongen var eg der rette helga. 
I år passa det med 9. juni.
Andre år kan optimal bloming vera både tidlegare eller seinare.
Og da tek eg sjølsagt mange bilder.
 Like spanande kvar vår  -  kanskje at superfoto blir til denne gongen!
Det var ikkje berre lapprosa som synte seg fram med rosa prakt.

 Greplynga er minst like skjønn.
 Kvar blomst like fullkomen
 Og fjellsmelle. Store, rosa puter.
 Grønt i alle sjatteringar.  Det er våren.  Blåbærlyng og krækling.
 Fjellbjørk i vårfarge.
 Blålyng  -  eg tykkjer nå ho er mest rosa.
 Fjellkjerr.
Lita tuve -  her må eg nok sjekke floraen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar