
 Sundagsturen denne helga gjekk via Lesja og Romsdalen

 og i Måndalen måtte vi berre stoppe ved denne roseprakten. Utanfor bygget til 
Wenaasgruppen
var rosebløminga heilt utruleg.  Vi som bur i "fjellet" får aldri slike mengder med vakre og velduftande roser i hagane våre. Til det er klima for krevjande. 

Ei rose av ei mor og hundrevis andre roser.

 Vi vitja slekt i Tresfjord,  her vart det sundagskaffi og triveleg prat.

 Turen gjekk vidare over Kjersheimseterfjellet, stopp både ved rasteplassen Kokstein og ved denne 
fabrikken på Dyrkorn.

 Etter ferga Linge - Eidsdal svinga vi innom Norddal og kjørde over Hjellane før Eidebygda, Ørnevegen, Geiranger og heim att.  Suveren tur, fin ver og mykje fin natur å sjå.

 Elva som kjem ned Dyrdalen.
 
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar