fredag 7. august 2009

Ferie i fjellet

Med så flott vêr, må ein til fjells. Ettersom eg fann ut at det er 10 år sia eg gjekk gjennom Tundradalen og over til Sota, var trasevalet lett. Varga var godt tilfreds då vi kom fram til Grønstorr-bua.
Ho vart meir skeptisk då ein bøling storfe kom og ville helse på oss. Desse store dyra er nokså skumle, tykkjer ho og fann det best å søke dekning under senga. Krøttera skubba seg litt på huset og hadde nok sett pris på ein saltsleik. Det var tilsaman 20 storfe som rusla forbi i sommarkvelden.
Varga sette seg i gulsildre og mose for å skue ut over og innover i Tundradalsbotn. Vi såg ikkje rein, men fleire storfe som gjekk nedved elva.


Haukbergbua, flott restaurert av Skjåk Jeger og Fiskarlag. Her var vi innom på ein liten rast.

Slik ser det ut heimover dalen. Haukberg er midt på bildet heilt ute til venstre.
Og innover Tundradalsbotn

Flotte grånyanser i steinen oppover mot Sottjøynnene. Tverrådalskyrkja i bakgrunnen, til venstre.

Morgostemning ved Sottjøynn. Det var ein liten reisflokk på ein av snøfonnene.
Tundradalskyrkja og Tverrådalskyrkja.

Reinsblomme kallar vi denne som heiter Issoleie

Far etter folk - her var det ein reinsgard då det var tamrein i området.

Bjørnebrodd.
Og nede på Sota vart seterhuset til Kari Elin og Kåre heisa til vers av ei stor kran og forsiktig plassert på nystøypt sole...

Jammen er eg heldig som greier å gå og kan sjå!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar