
 Det var ikkje den beste timinga,  å få skifta ut omnen i søre stugu denne helga.  Sist natt nærma graderstokken seg 30 minus,  akkurat nå nær 25 minus og eg har fyringsforbod..

 Her er omnen frå sentralen på plass  -  og eg venter med lengsel og smerte på at mørtelen skal herde.  Heldigvis er straumen i Skjåk billig,  men det er grenser for kva sikringane tåler.  Eg har ullundertøy, ullsokker og ikkje minst ullkjole.  Det blir egenleg ei god historie å skifte omn og å måtte vente med å bruke han når det er minus 25!
 
Luring? Æh..... Men bli bra å få inn "ny" omn, da!
SvarSlett