lørdag 26. februar 2011

Skiprepping


I dag vart det skitur langs Ås-vegen før skirenn på TV. Då Marit Bjørgen, Terese Johaug og resten av kvinnfolka som gjekk 15 km med skibyte var vel i mål, gjekk eg laus på noko eg ikkje kan. Men eg er klar for å lære, for i dag hadde eg så tråe ski at eg måtte gå diagonal nedoverbakke. Med nyinnkjøpt smurningsstrykejern ( dampstrykjern med damphol i fungerte berre så måteleg) gjekk eg laus og fjerna "alt" under og stod etterkvart med ein nesten kvit og tørr såle...

Heldigvis finst det kurs på nettet.. Her finst grunnrensing, gliding, grunnsmøring

Her er det mykje å lære!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar