mandag 29. juni 2009

Ikkje så glad

Tusen takk for supergod hjelp, du redda dagen min og æra til hallingdølar.


Eg vart ikkje det minste glad då eg skulle heim frå NM i folkemusikk på Gjeilo. I den ljose sommarnatta hadde ein eller annan - eller kanskje fleire mora seg med å tømme dekka på høgre side for luft. Vidare var lakken opprispa på båe dørane på høgre side. Men det likaste; på taket var det innrispa eit mobilnummer, her vart det tilslag på 188. Mobilnummeret på panseret var det ikkje treff på, sikkert eit kontantkortabonnement. Lensmannen tykte det var greitt å få desse nummera.


Det som redda dagen var supervelviljug frivilligmannskap som tok opp mobiltelefonen sin. Om nokre få minutter kom Jon Åge, vakthavande ved Hallingdal Kraftnett, som ein reddande engel. Han sjekka også om ventilane var i orden, lurte på om det var diesel på tanken og ynskte meg ein god tur heim.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar