lørdag 20. juni 2009

Sotajazz

Sotajazz er musikk og natur, denne gongen med spanande blomstervandring oppover lia. Alle som stilte opp, fekk med seg eit hefte med foto av blomar. Blomar som ein skulle sjå om ein fann på vegen oppover frå seterstulen. Her er det fjellkjørra (betula nana) som blømar.
Den yngste på turen var ikkje så nøye om han fann blomane, han var godt tilfreds med å få skyss i bæremeis.

På ivrig blomsterjakt.

Ei rosa prinsesse var også med og leitte etter blomar,
ho tykte at skogstjerna var flott

Oppover - oppover...

Rikard er glad for å få spele litt, det var han som bestemde når det skulle bli pause. Når han var sliten av å bera på fela, var det pause.
Dette må vera slik som kallast "buskspeling".



Her er det klart for matpakke og musikk i det fri
før alle gjekk ned til Sota seter att.
Der vanka det kaffi, is, middag og premieringa av blomsterjakta.
Til sist vart det konsert med Trond Bersu Band.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar