mandag 29. juni 2009

Varm sommar med god høytørk

Det har vore og er framleis eventyrleg sommar med ein utruleg varme. På den høgst uoffisielle graderstokken min er det framleis 19 varmegrader og klokka går mot midnatt. Vatnet susar og brusar i alle elvar og bekker. Det er i alle høve prima høytørk. Grannen min, Jarleif har fått inn mykje godt tørrhøy. Siste stykket vart bunta i dag. Nå må han til med vatning, vassvogn og spreiarar er heilt naudsynt her som det er sparsamt med nedbør.
" Gje Vårherre oss sol, skal vi sjølve halde væte" heiter det her..Beitande bufe i trædet og høyonna snart til endes. Det er sommar.

Varm Varga

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar