tirsdag 27. juli 2010

Dagens tur; langs Gjende

- Vil du vera med til Memurubu i morgo? spurde bror min i går kveld,og det var lett å svare ja. Avreise frå her kl. 06.00 , slik at vi kom til Reinsvangen tidleg
Det var mange - mange fleire som også tenkte seg på tur i området, båtkøen var lang som eit ilt år. Med eit kønummer som tilsa at vi fekk plass kl 10.25, sa bror min; Vi går landet.
Som sagt så gjort, vi la iveg langs Gjende, den stigen som Memurufolket brukte som seterveg.

Å gå gjennom den sørvendte høgstaudeskogen var som eit eventyr. Ei vandring gjennom ein bukett av det beste av fjellfloraen.
Memurudalen inn til høgre, der Memurubu ligg. Tidlegare seter, nå ei svært så moderne turistbedrift.
Vi brukte båten attende.
Eg tykkjer nok at å gå langs Gjende er vel så flott som å gå Besseggen...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar