søndag 4. juli 2010

Høyet i hus

Å få høyet i hus er litt av ei onn - her nyttar det ikkje å sjå på klokka, det er berre å drive på, naboen hadde moblisert ein god dugnadsgjeng. Berre ein er mange nok, er det faktisk ganske moro og ikkje minst ein meiningsfylt sjau!
Skikkeleg lass på veg oppover jordet
Neste etappe er å laste av og få høybuntane inn på låvetørka, Marit er klar til å ta imot

Så er det å stable buntane tett og jamt slik at låvetørka får gjort siste finpuss på tørkeprossen.
Her er det like før naboen er i mål med denne delen av sommarjobben.

1 kommentar: