lørdag 18. september 2010

3 mil heim frå fjellet

Klar - ferdig - gå
Det er nysnø nedover lia, regn og surt ver. Den gode fjellsommaren går mot slutten og det er tid for å ta marsjen heim, ein tur på 30 km
Har passert høgaste punket ved Festarsteinen
I flokk og følgje
Nedover gamlevegen
Kryssing av rv 15, øverst i Rådsbakken
Over Liabrua, nå er alle snart heime
ikkje nok med at alle krøttera kom heim, i år var det ein ekstra.
Då vi kom til setra fredagskvelden hadde ei av kvigene kalva.
Ein liten kukalv hadde sett dagens ljos
og "Smådøla" fekk bilskyss heim.
Ho tok turen innom kjøkkenet til mor før ho fann kalvebingen i fjøset
Det var tørrare og trivelegare der enn i fjellet der hausten piska.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar