mandag 4. april 2011

Nix-blix

Ettersom eg bur i eit land der "alt" kan få støtte, så tenkte eg at kanskje det finst noko for etterisolering av hus. Hjå meg så blir det for fyrste gong isolasjon i golvet. Ytterklednaden skal av fordi det skal isolerast uttapå tømmerveggen. Det skal bli nye vindauga. Sju cm med jordtak skal utskiftast med moderne isolasjon. Etterisolering og skifting av vindauga er nå det som gjer mon, så vidt eg har forstått artiklar i aviser og ekspertutsegn. Så eg klikka meg inn på Enova. Men nix-blix, ikkje noko å hente til glava-prosjekt. Men ville eg hatt inn pelletskamin, varmepumpe eller solfanger, da ville eg hatt ei viss sjanse til å kome meg gjennom søknadsjungelen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar