fredag 29. april 2011

Fantasktisk G 35

I London var det prinsebryllup, i Marlo grendehus hadde Gudbrandsdalsosten sin store festkveld. Ettersom Tine bestemde seg for å halde fram med produksjon av verdens beste Gudbrandsdalsost ved ysteriet Lom og Skjåk, produksjonsnummer 164, var det duka for fest. Alle var invitert - og folk kom. Etterkvart vart Marlo grendhus fyllt til randen.

Dei to ordførarane, Simen Bjørgen og Rolv Kristen Øygard var kveldens vertskap og dei kunne by folk på eit fantastisk matbord - der rauosten, eller rettare sagt Gudbrandsdalsosten hadde hovudrolla.

Men før gjestane kunne ta for seg av matbordet, kom størsten G 35 inn! Fire mann bar osten mellom seg. I løpet av kvelden vart det avslørt at G35 er 150 år i 2013 og då er det planer om ein endå større ost1 I løpet av kvelden kunne alle høvle seg nokre skiver av fersk ost.

Så kom rømmegrauten inn. Grauten var kokt i ei av grytene på ysteriet. Ysteriveteran Erling Synstnes hadde stått for kokinga. Ved sida av grauten var det avletter og eit breitt utvalg av brød frå Bakeriet i Lom. For det var ikkje berre rumgraut på bordet.
Arne Brimi har vore med som frontfigur i kampen for å behalde Gudbrandsdalsosten i Gudbrandsdalen. Han har utvikla fleire godsmaker der G 35 er ein viktig del.

Arne Brimi sa at kvalitetsproduket G 35 er ein del av kulturarven vår som vi skal ta vare på og bera vidare - og osten er ein del av identiteten vår. Dette kan vi vera med på alle saman.


Desserten var laga i ekte Naturens kjøken ånd. Desserten var kokt ute!

Blåbærsupe kokt av fløyte og G 35 - det er desserten som fyller opp heile dessertmagen!

Til sist vart det kaffi med solid biteti - ferkst mjukbrød og slagje storrumbrød med raudost på.

Elisabeth Hartmann har også vore svært sentral i arbeidet med folkeaksjon for G 35. Ho poengterte at G 35 og mjølkesjokolade er dei to produkta som nordmenn identifiserer som smaken av Norge.

For dei som ikkje var for stappmette - vart det dans etter bandet G 35 frå Gausdal.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar