søndag 10. april 2011

I dag vart det smusstillegg

Det starta med nytt golv, nå er det snart nytt tak og.

I dag skulle jord og torv av. Det starta fint. Vindstille og mildt.

Under kvabb (fin leirjord) og torv er det never. Flak på flak. For eit arbeid det måtte ha vore, den gongen det skulle på. Snekkeren sa at neverlaget, som ligg nedpå taktroa berre skulle liggje. Frå inne ser ein never mellom sprekkane i taktroa. Ho er rett så "rustikk". På ettermiddagen kom vinden. Det bles og fauk. Vindflogene tok med seg både jord og neverflak. Det stilna til kvelds. ¨Får håpe det meste av neverflaka fortsatt ligg der i morgo. Etter endt dyst i jorddrevet, vart det i kveld innvilga smusstillegg. Men det var endå betre med ein dusj.

1 kommentar:

  1. DET smusstillegget var meget vel fortjent, hvis du spør oss!

    SvarSlett