torsdag 30. juni 2011

Ny dag, ny stand

I dag gjekk turen til ei av tallause strendene. Denne ligg nordafor Lahaina og der er det skikkeleg utbygt for turisme. Og turistar var det i mengder. Kvite som tydelegvis var komne, andre noko meir raude og andre skikkeleg brune..
Det er korallrev like i strandkanten slik at vi kunne snorkle. Første runda måtte eg ha skikkeleg support frå Brit. Etter at Brit og Vidar hadde vore ute og snorkla kunne dei fortelja at det var skilpadde å sjå, like inntil land. Dei var sikre på at eg kunne sjå viss eg gjekk å stakk hode under vatn... Og slik gjekk det. Eg stakk hugu under vatn og der såg eg skilpadda. Da vart eg så ivrig at eg snorkla på eigen hand.... slik nokre få meter frå land. Resultatet vart at eg såg mange forskjellige fiskar. Det er supefint når sola skin og fiskane skin i mange fargar. Eg har ikkje utstyr til å fotografere under vatn. OG så har eg raudaste ryggen i Haiku Road. Det er nok mogleg at eg skifte skinn....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar