
Etter ei lang flyreise kunne ei strålande Idunn ynskje meg velkommen til Maui

I leigd hus var det tid for frukost

Frukt med frukostblandig og yoghurt oppå - og her er det ku uttapå boksen. Det er altså mogleg å forstå at ku har noko med produktet å gjera.
Kvaliteten på anan as, mango og papaya er upåklageleg. Det er dyrka i nabolaget, og dermed fått modne på planta for innhausting. Frukta har ei sødme som vi ikkje finn heime - når frukta må modnast undervegs.

Så var det tid for strandliv

Skal si dei svinga seg fint i bølgane dei som vindsurfa og alle som kita

Eg var godt tilfreds med å plaske rundt på grunna og teste ut Stillehavet på den måten

Middagen var fiskeburger som var namna Obama

Idunn var stortilfreds med kafebesøk og hadde det svært moro med vatn med isbitar i medan ho maula pommes frites. Ein strålande turistdag!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar