Kjeks og niste er gull.
På denne delen av øya kjem det ikkje så mykje regn, det er regnskugge.
Lurar på om det heiter saugjerde her.........
Nakalele Blowhole skulle vera nede her..
Jepp, her spyttar Stillehavet opp gjennom eit hol i lavasteinen.
- Såg du den???
Turen gjekk vidare og vi stoppa ved Honolua Bay .
Det er ein draumestad for snorkling. Idunn tykte det var stas å speide frå teppe sitt under eit tre. Det var både katt og høner å sjå på ved sida av mykje folk.
Middagstopp i Lahaina, her var det servering med havutsikt!
Brit var med meg slik at eg og fekk sett det yrande livet på og rundt korallreva.
Eg sleit stygt med å bruke froskeføtter... men etter gode råd og
trøstande ord frå Brit gjekk det seg til.
Eg vart etterkvar svært så ivrig.
Neste gong skal eg nok greie det sjøl. Trur eg.
frodig skog mellom vegen og Honoluabukta.
Her var det lianer og hengane blad og busker overalt.
Det var planter som eg kjende att frå potteplanteutvalet i Skjåk og mykje anna grønt som eg ikkje veit namn på.. Men fint!
Brit kunne fortelja finst ikkjat det finst ikkje slangar på øya.
Da kjendes det trygt ut å sjå tilvers i staden for stigen og kvar eg skulle setja føtene.
Før og etter Lahaina har det vore storstila turistutbygging. Det var også tørrare, i åsane innanfor var det avsvidd, her er det lenge sidan det regna. Det er regnskugge som forslår. Eg såg også eit område med spreiarar på. Vatningsanlegg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar