mandag 20. juni 2011

Morgo i Haiku road

Det er tidleg morgon, eg måtte berre opp - opp for å sjå og høyre. Det er så definitivt ikkje Skjåk, eg er så langt frå heime som det går an på den nordlege halvkula når eg tenkjer på tidssoner. Når det går mot kveld og klokka er 19 i Noreg, er klokka 07 same morgonen her. Eg er tolv timar etter. Heime er det ljose sommarnatta - her er det mørkt og slikt som det regna i natt. Det er bølgeblikkoverbygging på carport og inngangspartiet, slik at det ramla godt når regnet kjem inn frå Stillehavet. Og eg ser Stillehavet her eg sit på verandaen. Det er grått utover havet, over hovudet mitt ser eg blå himmel. Sola får nok overtaket etterkvart. Det er eit yrande fulgeliv i blomstrande trær og i ein svært grøn og frodig vegatasjon. Ein lyd som eg høyrte på morgokvisten var kjent, var hanegal. Mange haner gol ivrig i dag tidleg - kykkelliky - eit signal om å stå opp.
I går såg eg Hawaai-roser som store trær, dei var brukt som hagehekkar, dei blomstra i raudt, rosa og gult. Det er trær av trillingblomster her og på landbrukslandet rundt boligfeltet her blir det dyrka sukkerrør. Beitande bufe såg eg også i går. I lia bak oss her blir det dyrka store mengder ananas.
På turen ned til stranda i går, vi var på Kanaha Beach såg eg området der det var heller tørt. Eg har drivi å lese ein guide att, og der står det at klima og nedbøren varierar. Høgaste fjellet her, Haleaka er over 10000 feet høgt. Der ser tørt ut på toppen...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar