tirsdag 2. august 2011

Besøk frå Moelv

Ragni, 6 år frå Moelv ville så gjerne på ferie hjå meg. Fordi vi skulle på tur. I dag gjekk turen utover Lundadalen. Ganske så spanande å forsere Æsj-grove...
Etter vi var opp Æsj-bakkane komne, var det fantastisk godt med vatn!

Plutseleg møtte vi nokre trivelege sauer. Dei greidde å skremme Varga.

Det er klatretre overalt!

Ragni kleiv i tre medan Turid-mor og Varga tok ein pust i bakken og såg på Skjøli.

Yste brua - og der var det godt med matpause!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar