mandag 15. august 2011

Kalvar ute på tur

Bror min hadde fått melding om at kalvane hans dreiv og utforska Smådalen på eiga hand. Trønderen var svært godt tilfreds da han vart "attfunnen". Dei var seks i fylgje som hadde søkt ly under nokre fjellbjørk. Det hadde vore ei regnfull natt.
Blondie var svært spent på om det var salt å få, men så god var nok ikkje dagen, endå. Nå venta marsjen oppover og innover for å finne att resten av gjengen.

Regnet hadde gjort bekkar, grøv og åer store og vanskelege å kome over. Men må ein, så må ein.

Endleg, der var bjøllekua og dei andre store.

Bjørk lurte på kva vi ville. Saltet smakte fortreffeleg, men nå kunne vi gå att. Ho ville ha meir fjellsommar.

Men Kari ville helst ha kos.

Ekte kusmask!

Einaste skår i gleden er at kalv nr 145, Kilemanjaro som blir kalla Kille, ikkje er i gjengen. Kari er litt bekymra for han. Han har nok funne andre kameratar. Så dersom du går gjennom Smådalen og ser han, send melding slik at han kan bli leda attende til rette gjengen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar