onsdag 3. august 2011

Dagens tur, kulturstigen

Då skodda letta ved høgst dag, la vi i veg. Varga, Rangi og eg. I ryggsekken hadde vi med både ved, pøser og lompe. Målet var varm lunch ved Flåtåtjøynna.
I strålande, varmt og vindstille ver la vi i veg. Ikkje visste eg at det var så mange fine steinar å klatre oppå.

Her vart det lang pause med utforsking av store steinar.

ops - hoppe over vassveita!

Fyr på peisen i steinhytta.

Måtte sjekke om det kom røyk utu pipa. Det gjorde det.

Så gode, svartsvidde pølser er det lenge sia vi har ete...

Så måtte vi etterkvart legge på heimveg. Det vart så vidt steinvått på turen heim. Ni bygda hadde det klessregna! Det var ein suveren tur, og varm lunch i fjellet er knall. I alle fall når Ragni kan svi pølser sjøl.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar