søndag 14. august 2011

Folk og musikk på Eldegard i Øvre Årdal

Tidleg i mai inviterte Svein Nesje frå Stryn til folkemusikk i det fri på fjellgarden Eldegard i Øvre Årdal. Eg måtte nytte høvet, og fann skiltet der det stod Eldegard. Då la eg og mange fleire i veg oppover lia. Det var ein godt arbeidd veg, det var lett å gå denne fine augustdagen. Tankane gjekk til folket som har budd på fjellgarden og turane dei måtte gjera i alle slags ærend. Og kor god og trygg hesten måtte ha vore når han gjekk med kløv opp og ned..

Etter vel ein halvtime med motbakke, måtte eg berre nyte utsikta.


Mor til Svein var fødd og oppvaksen her på Eldegarden. Svein var programleiar for konserten der mellom andre Leif Rygg og Håkon Høgemo spelte. Svein kunne fortelje om kvinner, menn og spelemannslekt her på fjellgarden. Svein var også på garden frå mai til september frå han var seks til sekten år. Det var alltid noko å gjera, og guten gjorde god nytte for seg.

Svein meinte at det ikkje hadde skada han i noko grad at han slutta på skulen for tidleg om våren og byrja for seint om hausten.


Konserten vart avslutta med fellesnummer

Svein guida rundt på åker og engstykker og fortalde om livet på garden. Det vart bygt både gardssag og løypestreng på 40-talet. Det var mange tak før materialer kunne selgjast nede ved fjorden. Han fortalde om vårsetra som låg lengre oppi lia. Om setra som låg endå lengre oppå fjellet. Og om besten som hadde formana ein liten gut at når dei gjekk i fjellet, skulle dei gå med små skritt og halde munn. Prate skulle dei gjera når dei kvilde. Minna er mange.




Det var stor hage, Svein kunne fortelje om frukt og bærdyrking. Han mintest ekstra godt den dufta det var når onkelen tørka kepalauk på loftet...

Garden var fråflytta på 70-talet. Det er viktig for slekta å halde staden i så god stand som mogleg. Inntekta frå konserten går til vidare vedlikehald.

Ei flott helg med folk og musikk på ein vakker fjellgard Øvre Årdal.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar