søndag 19. juli 2009

Bålpanne

Kva kan skje ein sundag når det regnar? Ikkje har vindauga dukka opp, ei heller har Skjåk Trelast ope slik at eg kunne få tak i meir verandabord...
Da vart det å lage ei bålpanne, her er prototypa under uttesting med feitved oppi.
Svart røyk fortalte om svært mykje tyri i veden.

Då var det å finne fram svartkjelen og det tok ikkje lang tid før vatnet kokte. Klart for servering.

Og med Maria og Inge frå Tyskland på besøk var det
faktisk ganske så moro å servere under bølgeblikktaket!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar