onsdag 8. juli 2009

Kulturlandskapspleie

Skal vi bryte oss innpå her.... det er så mykje fint gras!
Her er dei; dei som kan vera med å hindre at landet gror att. Grasetarar som omdannar fotosyntese til kjøt og samstundes held nede vegetasjon.

Bror min og svigerinna mi er verneverdige småskalaprodusentar. Dei driv med mjølk og kjøtproduksjon, og lar dyra få vera dei flokkdyra dei er. I juli, august og halve september har dyra ein optimal tilvære, dei er på fjellbeite.
Desse tolv stutane skal gå heile distansen på 30 km fram til beiteområdet. Turen blir delt i to. I går var første etappe på vegen til fjells unnagjort. Ved foten av regnbogen er det ei krukke med gull. Lurar på om oksen veit det?

Solgull gjennom skogen etter regn


- Nå vil eg ha kos før eg går lengre!

Kosestund før mat

- For ei herleg eng. Her skal vi samle krefter til vi skal gå vidare

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar