mandag 20. juli 2009

Attraksjon

Det har regna i natt og i heile dag. Det er ein attraksjon her i tørre Skjåk. Og ynskje om ein lystpaviljong med peis er nokså sterkt. Spørs om holet i veggen må tettast før lystpaviljongen kjem på plass. Men så er det viktig å gjera det som er morosamt. Og så veit eg eigenleg ikkje kor lang tid eg må vente på dei nye vindauga eg har tinga til den integrerte vinterhagen min. Men
det spørs om det er opphaldsver i morgo. Da må storverandaen bli ferdig. Trur eg.
PS - lystpaviljong er eit hus som kombinerar paviljong og lysthuseigenskap. Og så peis.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar