torsdag 2. juli 2009

Ute på prøve

Alt må lærast, også når ein er ein liten stut. - I kveld skal døkk ut på prøve, sa bror min til dei seks stutane som ikkje veit at dei skal på fjellbeite i sommar. Å gå pent ut og inn er ikkje så lett når ein har fire bein og det er to trappetrinn. Og det er ganske skummelt med den store vide, verda når livet er eit fjøs med kjente vegger og rutinar. Etterkvart gjekk det greitt, ut og inn øvelsen skal ha repetisjon fredag. Då er alle seks klar for å kunne til fjells. Å gå innatt kan dei.

På med grime

Er du klar?

Dette går da greitt..

Vil ikkje lengre

Med Borghild-dytt og støtte går det likare

Her var det god plass, moro å danse

Oi, blir eg fotografert?

Inn er like vanskeleg som ut

Stuten med namnet "Hjarte-på-rette-staden" er ute på prøve

"Kvitskriupresten" var slett ikkje lysta på ut

Og ettersom bror min har seks stutar, alle med namn, som skulle ha dobbelt treningsdose, da gjekk nå kvelden. Jammen bra dei og eg er frivillig tv-lause..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar