søndag 3. juli 2011

Morgotur

Ved åttetida i dag tidleg rusla eg ein tur i nabolaget, som er eit boligfelt. Eg veksla nokre ord med ei som dreiv og beskar hekken sin. Ho tykte det var flott at vi budde her og ikkje på hotell.
Det ekte Maui finn du her, meinte ho.

Og der - like borti gata gjekk det ein mann med ein bananklase. Han hadde nok vore i vegen og hogge ned klasen, for langs høgre sida heng det ei øks.. Eg skal nok jammen ta fleire små rusleturar her i nabolaget.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar