mandag 4. juli 2011

Independence Day - 4.juli

Ettersom 4. juli er nasjonaldagen til USA, såg vi fram til å sjå paraden i Makawao. Vi hadde lese om dette opptoget i både brosjyrer og på nettet - her skulle det vera cowboyer, veteranbilar og anna som var verd å sjå.
Vi drog av garde i tide for å finne parkeringsplass. Og det var lett! Nesten ingen bil å sjå, ei heller folk og hestar. Men tettstaden var pynta til fest. Til sist gjekk Brit inn på bensinstasjonen og lurte på paraden.
- Du er den fjerde som spør, var svaret. Paraden hadde dei gjort unna om laurdag 2. juli!


Vi gav oss ende over; tenk om 17.mai-toget plutseleg vart unnagjort den 15!

Plakaten om feiringa hekk oppe på rekkverket

Høna utanfor den låste døra hadde nok gått glipp av opptoget, ho og..

Da reiste vil til Paia og gjekk på kafe.

Etter vi kom heim att, klikka eg meg innpå nettsida att.

Eg greier fortsatt ikkje å skjøne at paraden skulle gå den 2..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar