mandag 11. juli 2011

Dagens tur, Hana Highway

I alle reisebrosjyrer her står det om Hana Higway. Turen austover på øya er noko alle "må", ved sida av å ta ein helikoptertur. Helikopteret får berre fluge for meg, men biltur, det likar eg. Spesielt når det er blomar å sjå! Her og må du advares om at det er MANGE bilder!

Svingete og med mange små bruer med berre ei kjørebane, stod det. Og det stemmer. Det er den mest svingete vegen eg nokon gong har kjørt.

Stilig med blomsterdekt vegskulder og

grøftekantar.

Ei av mange bruer.

Og der rann det også litt ferskvatn. Ikkje det at eg trur det er drikkande...

Pink ginger - det blir vel rosa ingefær....

Sikkert eitt eller anna ginger dette og... Dei er i alle fall gule på farge!

Der turistane ferdast er det "small business". Salg av banankake er ein bankers, likeins sal av kokosnøtt eller blomsterbukettar. Eller egg! Her er det nok lenge sia det har vore drift....Rosa blome, på eit stort tre. Eg såg lilla blomar på eit anna tre.


African tulip, det blir vel afrikansk tulipantre.

I alle fall ser blomane ut som tulipan. Og det er desse blomane som her og der farga grøftekanten raud.

Small buisness i full drift. Her var det tørka kokos det gjekk i. Ho selde ikkje egg!

Banantre i grøftekanten!

Eg passerte tettstaden Hana, stoppa ikkje ein gong. Derimot svinga eg nedpå stranda Koki Beach og avkjøla meg litt.

Eg drog vidare, målet med turen var å sjå bambus-skogen som er ein del av regnskogen her på austekysten. Denne ligg innanfor Haleakala nasjonalpark. Parken dekker både fjelltoppen og ned til havet.

Hustomter inne på området ved besøksenteret til nasjonalparken.

Dette er også innanfor nasjonalparken. Det står i reiseguiden at dette heiter Oheò Gulch eller AKA 7 Sacred Pools og at dette er noko av det likaste synet Maui kan by på. Visst var det fint. Rennande vatn er støtt av interesse. Og det aula av folk der.


Dagens palme... Her starta råket Pipiway Trail. Råket gjekk på venstre sida av gjelet som grova har grave ut, Waimoku falls., ein foss var målet for denne turen. Eg skulle ikkje så langt. Eg skulle finne bambusskogen.

Dette er i allefall ikkje bambus!

Men her, ein grøn og fin vegg!

Før eg gjekk oppover, spurde eg ein av nasjonalparkforvaltarane om kvifor det voks bambus på øya. - Han har vore planta ein gong, var svaret.

Her snudde eg. Då hadde eg kjørt forbi kyrkja der Charles Lindberg er begravd og var liksom forbi all busetnad. Det var att fem seks miles med grusveg før eg kom innpå vegen eg kjørde i går. Men i leigevilkåra for bilen står det at eg ikkje skal kjøre på grusveg, og snill som eg så lystra eg dette. Klokka hadde vorte fem, og her blir det mørkt ved sjutida.

Det var greitt å ta turen attende, då fekk eg auga på fleire attraksjonar. Og nå hadde nesten alle dei andre bilturistane kome seg heim att!

Endå fleire blomar!

Der og! Oppogned erteblomst, kanskje??

Kvit.

Det er ein måne der, altså. Sjå nøye i øvre, venstre del av bildet!

Heime att kl åtte. Der venta Brit med middag. Steikt tunfisk med tilbehøyr.

Da hadde eg kjørt 110 miles, det blir rundt rekna 18 mil. Det er ikkje langt, men det meste av turen gjekk i "krabbefart" . Eg klikka rundt på youtube og fann denne om vegen til Hana.






























































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar