mandag 11. juli 2011

Dagens tur gjekk til nærbutikken

I ettermiddag ville Brit og Vidar kjøre til toppen av Haleakala for å få med seg solnedgangen. Det medførte at eg og Idunn skulle stelle heime. Vi starta med å tulle med kamera og sjølutløysar..
Deretter skulle det vera middag. I dag spagetti med tomatsaus. Først lukte på..
Så eta
Dele med meg.


Så var det dagens tur, Idunn i bæremeis, vi skulle gå til nærbutikken etter kaffi og mjølk. Det vart ikkje foto av turen der vi såg på blomar og trær. Eg tok bilde av handelen vår. 1,89 liter mjølk og 280 gram med kaffi. Mjølka kosta 6.30 $ for 1,89 liter, dersom eg reknar ein kurs på kr.5,50 blir prisen 34, 65. Det vil si ein literpris på vel 18,- kroner. Kaffien kosta 13.89 $ for 340 g, altså kr 76,40.- Det blir 224 kr for ein kilo kaffi. Nokon som klagar på prisen på mjølk og kaffi i Norge????

Så laga vi hus. Det var moro!

Så var det kameramoro før sengetid-

og natti kl 19.30!

1 kommentar: