onsdag 13. juli 2011

Idunn fortel om dagens opplevingar

Jammen dumt at vi ikkje har med bretta, det er god vind her... men planen er at bestemor skal snorkle her nordfor Lahaina og av vi skal på luau i kveld.
Tja, kva skal eg finne på...

God varm sand!

Uss, kor stygg eg blir på fingrane, det går mest ikkje å få sanden av...

Pappa! Vil du vera med å bade??

Stillehavet!

Bestemor snorkla og snorkla... og fekk brent baksida av lår og legg. Ho var stortilfreds ettersom at ho såg skilpadda og mykje fisk.

Så vart det byvandring i Lahaina. Det treffte eg det otylegaste eg nokon gong har sett. Ein som var utkledt som ein rosa gris. Dette synet stod uttafor ein restaurant, og han tok i meg. Fyttikatta som eg skreik!

Så var det tid for folklore. Eg var svært interessert i blomekransane. Eg fekk ingen, men eg rakk å plukke blomar av både mamma og pappa sin. Det var middag og. Heldigvis hadde dei kokt ris. Det tykkjer eg er godt.

Eg tykte det drog ut før showet byrja. Så da fekk eg meg mange runder rundt på området. Fyrst pappa, så mamma og til sist bestemor bar meg rundt slik at eg fekk sjå...

Eg byrja forresten å bli trøytt, det var sengetid. Men senga mi var ikkje der, så eg måtte berre stå på.

Det gjekk greitt å halde seg vaken under showet, eg digga aller mest dei innslaga der dei brukte trommer. Det var kjempetøft!

Her har eg fått låne leien ( blomsterkaransen) til mamma. Eg vart jammen fin. Eg tykte det var godt å få setta seg i bilsetet og få sove til vi kom til Haiku Raod og kveldsgraut og natta..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar