mandag 4. juli 2011

Hagevandringar

I dag var dagen for hagevandringar i det området som kallast Upcountry. Først på lista stod Lavendelfarmen. Denne karen her har skapt eit levebrød til både seg og andre med å dyrke lavendel og selje produkt av og med lavendel.
Idunn og Brit på hagevandring, til og med rekkverka og benkane rundt i hagen var måla i lavendelblått. Vi tok ei pause i kafeen der vi drakk lavendelte søta med lokal honning og åt scones med lavendel i. Utfordringa medan vi sat der var å halde sporven på avstand. Han var skikkeleg frampå både under og på bordet, bak oss og rundt oss. Skal si sporven der i garden hadde fått vane med kakesmoler frå turistane.

Det var tillaga sitteplassar mange stader i hagen, eg tykte denne var superfin. Både bord og stolar var i keramikk. Suverent, da tåler dei både regn og vind. Utsikta var også upåklageleg, ettersom vi såg nedover sukkermarker og det turkisblåe havet på båe sider av øya. Det er ikkje så langt over på "midten", for både i vest og aust er det høge vulkanfjelltoppar.


Neste hage var den botaniske hagen i Kula.


Det som var aller, aller mest spanande var karpedammen!


Eg tok ikkje bilder av alle blomane, altså!


Men mange med fine fargar, somme var store og andre var små. Eg skal lage ei eiga fane med blomar frå Maui


Det er moro å sjå at til dømes grønnrenner og striperenner blir brukt som kantplante. Mønjeliljer var det ei stor samling av, likeleis granium og julebegoniar...

Og i vegskanten voks blomkarse vilt....som eit ugras.

Men gullboste (løvetann) har eg ikkje sett her!

Og jammen var det troll i skogen her!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar