fredag 15. juli 2011

Siste runde i nabolaget

I dag skulle vi prøve med formiddagsdupp med ei runde i nabolaget. Det er noko anna enn i svalande vind på straden. Utstyrt med solbriller, vassflaske, smokk og insektnett la Idunn og eg i veg.
Hjå naboen over vegen hekk bananklasen nesten nedpå bakken. Grøne og umodne!

Denne naboen er heilt tydeleg! Og alle dei andre naboane har også tilsvarande skilt!


Litt av ei doning hjå denne naboen.


Slik raud blome har eg ikkje sett tidlegare. Det er sikkert denne tida her den skal blomstre!


Denne naboen har eit umbrellatree - eit paraplytre!


Turen vart ikkje så lang... for det første var det glovarmt, både Idunn og eg sveitta så det silte.


Og for det andre, det finst ikkje fortau eller vegskulder å gå på. Dette er eit bilområde!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar