
Og på turen såg eg to plakater som ved til salgs... Det er nok ved til peiskos, fortrinnsvis ute. Etter mitt syn så er det meir enn varmt nok her. Og kveldane er stummande mørke.
Øverst i grenda var det eit kaktusgarteri. Eg var einaste kunde ( kjøpte ikkje noko), men såg meg rundt å prata med dama der. Ho vart ganske overraska då eg fortalde at slike julekaktusar har eg og.. Eg måtte legge til at i Noreg er kaktusar inneblomar.
Elles så hadde ho mange artar av aloevera. Denne heiter blekksprutalovera.
Det har nok vore bruk for eit hafeillår her og.
Beitande bufe. Her er krøttera ute heile året, ikkje eit fjøs å sjå. Men eg har lurt litt på korleis mjølkeproduksjon går føre seg. Det er sikkert ein mjølkestall kyrne er innom.
Kaffibuske innpå verandaen i kafen
til bestemor. Ens på at her er det plass å tjore hesten når du skal til Grandsmas kafe.
Etter å ha runda "reset" vart landskapet mykje tørrare. Her var det kilometer på kilometer med steingardar.
Her er det skiltet eg såg mest av på turen.
Sørsida ligg i regnskuggen.
men flotte blomar finn seg til rette også i tørt lende. Desse såg ut som bildet uttapå dei frøposane med kaliforniavalmue som eg har sett heime.
Her var det brukt gamle lastebil og traktordekk får å lage innhegning. Det var ein del beitedyr i område, og feristar skilde dei forskjellige ranchane.
Raraste vekste eg såg på heile turen. Desse gule, antageleg frø, var store som egg og hadde lange piggar. Eg torde ikkje ta på dei!
Ein "døande" lastebil. Her var det tørt og "treine".
Fin veg!
Lava-landskap.
Siste reis...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar